Beskrivelse
Førehandsvisinga av trykket «Balanse» er i lågare oppløysing. Ved kjøp får du eit trykk i profesjonell kvalitet, med kunstnarsignatur. Trykket eksisterer i totalt 77 eksemplar av sin storleik; kvart trykk er nummerert.
«Balanse» er spesialbestilt i Hahnemühle Fineart Papir (Giclée). Trykket er verna med ein UV-spraylakk (vern mot direkte sollys og fingermerke). Trykket signerast og nummererast, og ferdigstillast med detaljar i gull, så du får eit unikt og personleg eksemplar.
Pris er inkludert kunstavgift 5%, samt frakt. Eg overrekker gjerne trykket personleg, ved geografisk nærleik.
Trykket er ei gåve og ein hyllest til balansen i symbiose
Måleriet viser ei kvinne som haldast av ein mann, her representert som Naturen. Blomekransen på kvinna sitt hovud, Aster, saman med dei abstrakte gule blomane som veks frå mannen sitt hovud, utgjer ein symbolsk samanheng som ein kan forstå om ein les forteljinga (og det vakre mysteriet) om ‘Asters and Goldenrod’ frå boka Braiding Sweetgrass. Forteljinga om ‘Asters and Goldenrod’ er for meg ei kjærleikshistorie. Forteljinga omhandlar to ulike blomar som i naturen ofte veks saman, og er vakre, saman.
ps. «Balanse» er forsidekunst for Naturbalanse sin magiske hudpleiekolleksjon, I am peace.





Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.