Beskrivelse
Førehandsvisinga av trykket er i lågare oppløysing, og er verna med eit vassmerke. Ved kjøp får du eit trykk i profesjonell kvalitet, med personleg signatur, og sjølvsagt utan vassmerke (tekst i skrått over måleriet). Trykket eksisterer i totalt 77 eksemplar av sin storleik; kvart trykk er nummerert.
Pris er inkludert kunstavgift 5%, samt frakt. Kjøpsvilkår gjeld ved alle typar kjøp. Eg overrekker gjerne trykket personleg, ved geografisk nærleik.
Tussilago farfara
Når vintermørket fell på, drikk eg te av perikum (urtemedisin mellom anna for uro og depresjon), og så heldt eg omkring meg sjølv og fortel mitt indre born at sola kjem alltid tilbake.
For meg er Tussilago farfara (Hestehov) eitt av dei kjæraste vårteikna, for ho sprett opp så tidleg kvart år, og ho sprett ofte opp frå dei karrigste områda, omkring på den tida me treng hennar lovnad aller mest. Lovnaden om at me reiser oss etter tøffe tider, når alt omkring synast håplaust. Og lovnaden om at sola kjem alltid tilbake





Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.