Jord

Produksjonsår

2024

Pris

6200,-

Medium

Hahnemühle Fineart, Giclée, 290 g

Motivformat

65 x 47 cm

Opplag

28

Måleriet er måla i kjærleik for Mor Jord; for det magiske som er like under føtene våre

Måleriet har sitt opphav i det som også er vårt felles opphav; i Jorda

Som kunstnar, agronom og biologspire opplever eg denne krafta som magisk; denne krafta som ein kan kjenne når ein tek av seg skoa og går berføtt over graset; skogstien; fjellet.

Magisk fordi ho ikkje kan skildrast med ord. Ho kjennast inne i oss

Måleriet er måla i kjærleik for alle dei som heldt omkring tre. Dei som heldt omkring tre i si eiga ro inne i skogen, dei som har mot til å halde kring tre i all offentlegheit, og dei som lengtar etter å gjere det.

Det krev mot å vere seg sjølv i ei verd der det logiske får dominere. Det krev mot å kjenne urkreftene som lev naturleg i oss, i ei verd der det er unormalt å stoppe opp og kjenne etter. Det er modig å handle etter desse kjenslene. Det er modig å gå berføtt i byparken og halde rundt eit tre, når din eigen art sender deg rare blikk og du kjenner deg einsam i verda. Men du, min kjære, skal få gå berføtt likevel, og du skal få halde kring tre om du lengtar etter det. Fordi djupt inne i deg sjølv så veit du at blikkene tyder ingenting, og fordi du kjenner at når du heldt kring treet, så heldt treet deg

Måleriet er også måla i kjærleik for dei som ynskjer å leve i åndeleg fridom. Gøymd bak dei abstrakte detaljane i gull, øvst i biletet, flyt Kundalini-fargane. Dei skjulte Kundalinifargane symboliserer krafta som er inne i oss.

Ei rekke kristne fellesskap har, i all si kjærleik, formidla Gud som noko eg opplever som ei makt i hankjønn, som er utanfor oss og som heldigvis er stor, sterk og perfekt når me ikkje er det. Mitt indre barn forstår dette som: «Du kjem aldri til å verte god nok, men vit at Gud er perfekt og elskar deg likevel».

 

Det trur ikkje eg. 

 

Eg trur på ei kjærleikskraft som er i alle ting. Eg trur på forskjelen mellom oversetjingane «The kingdom of heaven is among you» og «The kingdom of heaven is within you» (Luke 17:21)

Same tekststad, to oversetjingar, to revolusjonerande ulike bodskap

Eg trur Jesus sin opprinnelege bodskap er viska vekk i makthavarar si kontrollering, derunder ekskludering, av tekstar (deriblant kvinnelege tekstar), manipulerte oversetjingar og val av mangelfulle (eller direkte misvisande) ord

Eg trur på å kjenne åndelegheita i oss sjølve, og eg trur på krafta ein kan kjenne når ein mediterer, og tankens kraft i bøn. Eg trur at det finst makthavarar som er livredde for denne krafta som kan forbinde det himmelske med det jordiske.

Eg trur ikkje på makt og makthavarar som undergrev krafta i oss. Det trur eg heller ikkje Jesus gjorde, og difor var aldri orda «… og makta og æra i all eva» med i det originale fadervåret.

Eg trur ikkje på makt. Eg trur på ei kjærleikskraft,

og ho er i oss.

 

Førehandsvisinga av trykket er i lågare oppløysing, og er verna med eit vassmerke. Ved kjøp får du eit trykk i profesjonell kvalitet, med personleg signatur, og sjølvsagt utan vassmerke (tekst i skrått over måleriet). Trykket eksisterer i totalt 30 eksemplar av sin storleik; kvart trykk er nummerert.

Trykket «Jord» vert spesialbestilt i Hahnemühle Fineart Papir, med tilhøyrande Hahnemühle Certificate of Authenticity. Sjølve måleriet er 60 cm x 42 cm, med rive kvit kant (deckled edges) på 2,5 cm. Total storleik (med kant) = 65 x 47 cm. Trykket er verna med ein UV-spraylakk (vern mot direkte sollys og fingermerke). Trykket Jord vert signert med detaljar i gull, samt min personlege signatur, så du får eit unikt og personleg trykk.

Pris er inkludert kunstavgift 5%, samt frakt. Kjøpsvilkår gjeld ved alle typar kjøp. Kjøpsvilkåra finn du i bestillingsskjemaet som er lagt ved kvart enkelt trykk. Ved kjøp under 5000 ,- kan du nytte deg av Vipps. Vel «Vipps» som betalingsløysing i bestillingsskjemaet for å få tilsendt vippskrav. Faktura sendast ved bestillingar over 5000,-. Ved gjennomført betaling får du tilsendt trykket heim. Og du, eg overrekker gjerne trykket personleg, ved geografisk nærleik!

 

Her er eit lite utdrag frå teksten Solvendaren som stod på trykk i økomagasinet Ren Mat sumaren 2023, som kan forklare nærare kva som skjer under føtene våre (biologisk)

 

«NÅR VÅRE FARGAR møtast, når mine nakne føter kjenner krafta, og eg står der i hagen min og ser deg, då ser eg at din blom ikkje er éin blom, men mange blomar. Dei sit samla i ei korg, gule; vakre. Dei sit der så rause og kloke, på ein stengel over friskgrøne blad i rosett ved grunna. Fargane dine er så lette å få auge på. Men den vakraste kunsten er reservert for dei opne hjarta»

 

«Du fekk kanskje høyre ein snever del av forteljinga om soltrålane i naturfagtimane; historia om dei grøne plantedelane som brukar solenergien til å produsere oksygen (fotosyntese). Den ukjende fortsetjinga av Solvendaren si historie høyrde eg fyrst på økoskulen i Aurland; så mykje som 50 % av solenergien kan Solvendaren velje å sende ned gjennom rota si og ut i jorda, i form av mangfaldige biokjemiske stoff, også kalla roteksudat (Ingham, Lewis & Lowenfels, 2019). Dei verdifulle solstrålane si ferd ned i jorda skjer av grunnar som ikkje er anna enn underfulle.

Med mikroskopiske auge ser me at langs heile rota, i rotsona, rhizosfæren (rhizo=rot), møtast rota si overflate og mikroorganismane i jorda i eit myldrande liv av mangfald (Lowenfels et al, 2010, s. 20-25).

Jorda vert ein heim for levande organismar; så mangfaldige at me ikkje evnar å fatte deira omfang. Gjennom mikroskop og elektronmikroskop har me oppdaga eit univers av bakteriar, sopp, nematodar, amøbar, flagellatar, flimmerdyr, leddyr . . . og det har vore under føtene våre heile tida (Ibid, s. 20–25).

Me kallar dei mikroorganismar, fordi dei er så små at me treng mikroskop for å sjå dei. Mikroorganismane eksisterer i fascinerande mange artar og fasongar; alle med unike roller i økosystemet.

Heilskapen av jordskapingane, frå monstermeitemarken me kan sjå med auga våre (makroorganisme), som me fryda oss sånn over då me var små, til dei milliardane av flagellatar (mikroorganisme) i ei handfull jord, gjev næring til plantane i eit økosystem.

«A lateral root releasing exudates»
«A lateral root releasing exudates» Foto: James White.

Du finn forteljinga om Solvendaren, og mange andre forteljingar, på Ren Mat si heimeside

 

Bestill Jord

Hahnemühle Fineart, Giclée, 290 g