Hypericum perforatum

Produksjonsår

2023

Pris

4800,-

Medium

Hahnemühle Fineart, Giclée, 290 g

Motivformat

29,7 cm x 42 cm (A3)

Opplag

29

Måleriet vart til i samband med familiefeiringa av Mormor og Besten sitt Gullbryllaup 

Hypericum perforatum er latin for den kjende medisinplanten Perikum, betre kjend som Johannesurt. I dette måleriet er to komplementære Perikumstammar trykte på ein bakgrunn av abstrakt kunst.

Dei to stammane av Johannesurt symboliserer mine besteforeldre; dei ulike blømingsstadia representerer vår familie; frå mine forfedre til min son, som eg ved overrekkinga bar i livmora mi. Tre dagar etter overrekkinga vart Harald Johannes fødd.

 

Førehandsvisinga av trykket er i lågare oppløysing, og er verna med eit vassmerke. Ved kjøp får du eit trykk i profesjonell kvalitet, med personleg signatur, og sjølvsagt utan vassmerke (tekst i skrått over måleriet). Trykket eksisterer i totalt 30 eksemplar av sin storleik; kvart trykk er nummerert.

Trykket «Hypericum perforatum» er spesialbestilt i Hahnemühle Fineart Papir, med tilhøyrande Hahnemühle Certificate of Authenticity. Trykket er verna med ein UV-spraylakk (vern mot direkte sollys og fingermerke). Trykket «Hypericum perforatum» signerast med detaljar i gull, samt min personlege signatur, så du får eit unikt og personleg eksemplar. 

Pris er inkludert kunstavgift 5%, samt frakt. Kjøpsvilkår gjeld ved alle typar kjøp. Kjøpsvilkåra finn du i bestillingsskjemaet som er lagt ved kvart enkelt trykk. Ved kjøp under 5000 ,- kan du nytte deg av Vipps. Vel «Vipps» som betalingsløysing i bestillingsskjemaet for å få tilsendt vippskrav. Faktura sendast ved bestilling over 5000,-. Ved gjennomført betaling får du tilsendt trykket heim. Eg overrekker gjerne trykket personleg, ved geografisk nærleik.

Bestill Hypericum perforatum

Hahnemühle Fineart, Giclée, 290 g