Om meg
Sunniva Steinsund Skeidsvoll
er kunstnar, utdanna agronom i økologisk landbruk, skribent for økomagasinet Ren Mat, og biologspire
Sjela mi høyrer til hjå Mor Jord; det kjenner eg når eg let nakne føter jordast, når eg dyrkar jorda og maten som veks i ho, og når dei ekte verdiane får leve i kunsten.
Eg målar med sjela, og det er Mor Jord som er krafta. Det vil seie at når eg målar, skjer det noko magisk. Dette magiske ser eg spegla i dei sjelene som har fått, eller har handla kunst hjå meg. Det er dette som er mi drivkraft, dette magiske som skjer når du kjenner at det vakre, det magiske, treff deg i sjela di ein stad.
Mitt første måleri måla eg saman med ei kunstsjel i mi eiga heimbygd, for ein mann eg var svært glad i. Undervegs i måleriet stod denne setninga tydeleg for meg:
Kunst er å skape noko vakkert
Kunsten er mi store glede. Kunsten er ei av dei stadene sjela mi kjenner seg fri. No kjenner eg at det er tid for å dele.
Min visjon er at måleria som er laga for di sjel, som du forelskar deg i og innreier ditt liv med, gjev deg noko av det sjela di treng, kvar dag. Eg gler meg over den magien kunsten skal få vere for deg i ditt liv.
Wolfe: «I am going to make everything around me beautiful, that will be my life»
Nota bene,
Ettersom eg vel å bu i gamle dagar, og mi Mormor er ein jordengel, så går ei tiende (10 %) av overskotet til veldedige formål. I dagleglivet legg eg mykje energi i sjølvberging og naturvern, og eg vel å støtte lokale biodynamiske/økologiske bønder og foreiningar.
Du er velkomen til å legge ved ynskje om veldedig organisasjon i bestillingsskjemaet, om hjartet ditt har ei hjartesak.
Eg trur på at energien vår skal få gå der han gjev meining, og difor stiller eg krav til at den veldedige organisasjonen er godkjend av Innsamlingskontrollen.
Har du ikkje ynskje om ei spesifikk hjartesak, så vel eg truleg ein veldedig organisasjon med verdiar som eg sjølv legg vekt på.
Desse er mellom anna: økologi, naturvern, born i krig, born, jordhelse, urfolk, sosial rettferd, bønder og norsk landbruk.
Saman er me sterke
Mah Doh