Beskrivelse
Førehandsvisinga av trykket er i lågare oppløysing, og er verna med eit vassmerke. Ved kjøp får du eit trykk i profesjonell kvalitet, med personleg signatur. Trykket eksisterer i totalt 77 eksemplar av sin storleik; kvart trykk er nummerert.
Trykket «Tussilago gemme flori» er spesialbestilt i Hahnemühle Fineart Papir, med tilhøyrande Hahnemühle Certificate of Authenticity. Trykket er verna med ein UV-spraylakk (vern mot direkte sollys og fingermerke). Trykket signerast med detaljar i gull, samt min personlege signatur, så du får eit unikt og personleg eksemplar.
Pris er inkludert kunstavgift 5%, samt frakt. Kjøpsvilkår gjeld ved alle typar kjøp. Eg overrekker gjerne trykket personleg, ved geografisk nærleik.
Når vintermørket fell på, drikk eg te av perikum (urtemedisin mellom anna for depresjon) og så heldt eg omkring meg sjølv og fortel meg at sola kjem alltid tilbake.
For meg er Tussilago farfara (Hestehov) eitt av dei kjæraste vårteikna, for ho sprett opp så tidleg kvart år, og ho sprett ofte opp frå dei karrigste områda, omkring på den tida me treng hennar lovnad aller mest. Lovnaden om at me reiser oss etter tøffe tider, når alt omkring synast håplaust. Og lovnaden om at sola kjem alltid tilbake.





Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.