Eg står ved eit vegskilje,
overvelda over alle svara som eg desperat har forsøkt å finne fram til, i frykt for å velje feil
Det var då eg tok av meg skoa, og gjekk berføtt ut i hagen
Hjå Mor Jord får me høyre til berre ved å vere. Mor Jord elskar oss. Det kjenner eg når ho heldt omkring meg, og eg heldt om henne. Hjå Mor Jord får me kvile i tilhøyrsle. Hjå henne får me gråte fritt, og kjenne trøyst i kjærleik.
Her i hagen står ein gamal hestekastanje. Ho er like gamal som ho er klok. Når vindane bles over tunet, står ho stødig. Ho vernar om dei ho er glad i.
Det er til henne eg går når eg treng ein klem
Gamle tre delar raust av sin visdom, med dei som lyttar
Berføtt føre Mamma-treet lyfta eg hendene mot himmelen,
ropa: ‘I know nothing!’
og slapp taket
Det er heilt greitt å ikkje vite. Det er heilt greitt å gje slepp. Kontroll er ein illusjon, for alt me har er no. Det finst ikkje riktige eller galne val
‘It is what it is’
Uansett kva val me tek, så ordnar livet seg sjølv. Livet ordnar seg 100% på ein eller annan måte, uansett kva val du tek. Kanskje går det ikkje heilt slik du hadde tenkt. Det er også greitt! Dei vala du tenkte var galne, dei er moglegheiter for læring. La ikkje frykt styre livet ditt, men dans med frykten
‘Ja visst gör det ont när knoppar brister’
; det er slik me veks! Min vekstfase er smertefull, i vakker balanse med livsgleden.
‘Scio me nihil scire’
(I know that I know nothing)
Opprinneleg tenkte eg å ha med denne teksten på originalmåleriet; dette måleriet viser seg å vere ei gåve til mi sjel. Eg har velt å produsere dei 30 unike trykkene utan tekst.
Ved kjøp av «Scio me nihil scire» står du dermed fritt til å velje om trykket skal ha med tekst, eller vere slik det er. Kom gjerne med personleg ynskje til tekst! Personlege og unike detaljar i gull (akryl) er, som vanleg, inkludert i prisen. Har du spesielle ynskje for ditt trykk, så kan du skrive dette i bestillingsskjemaet under ‘hjartesaker’, sende meg ei melding eller ringe for ein hjartevarm samtale om ditt trykk.
Storleik: Sjølve motivet er 59,4 cm x 42 cm. Trykket har ein nydeleg naturkvit kant på 5 cm, slik at den totale storleiken vert 64,4 cm x 47 cm. Tips: Den naturkvite kanten er i praksis ein særdeles vakker passepartout!
Førehandsvisinga av trykket er i lågare oppløysing, og er verna med eit vassmerke. Ved kjøp får du eit trykk i profesjonell kvalitet; sjølvsagt utan vassmerke (tekst i skrått over måleriet). Originalen er profesjonelt fotografert hjå Fotoimport AS. Kvart trykk er personleg signert og nummerert. «Scio me nihil scire» eksisterer i eit opplag på totalt 30 eksemplar av sin storleik, i Hahnemühle Fineart Papir. Hahnemühle sitt «Certificate of Authenticity» følger med, og alt er inkludert i prisen.
Pris er inkludert kunstavgift 5%, samt frakt. Kjøpsvilkår gjeld ved alle typar kjøp. Kjøpsvilkåra finn du i bestillingsskjemaet som er lagt ved kvart enkelt trykk. Ved kjøp under 5000 ,- kan du nytte deg av Vipps. Vel «Vipps» som betalingsløysing i bestillingsskjemaet for å få tilsendt vippskrav. Faktura sendast ved bestilling over 5000,-. Ved gjennomført betaling får du tilsendt trykket heim. Eg overrekker gjerne trykket personleg, ved geografisk nærleik.
Bestill Scio me nihil scire
Hahnemühle Fineart, Giclée, 200 gsm