1. Avtalen

    Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysingar gitt i bestillingsskjema og eventuelt særskilt avtala vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysingane, går det som særskilt er avtalt mellom partane føre, så sant det ikkje strider mot ufravikeleg lovgivnad.

    Avtalten vil i tillegg bli utfylt av relevante lovar eller forskrifter som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukar.

    1. Partane

    Seljar er Sunniva Steinsund Skeidsvoll, e-post: sunnivasteinsundskeidsvoll@gmail.com, telefon: +4740326342, org.nr: 930712574, og angjevast i det fylgjande som seljar/seljaren.

    Kjøper er den forbrukaren som foretar bestillinga, og angivast i det fylgjande som kjøper/kjøparen.

    1. Pris

    Den oppgjevne prisen for vara er den totale prisen kjøpar skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnadar. Ytterlegare kostnadar som seljar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøper ikkje bere.

    1. Avtaleinngåing

    Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt si bestilling til seljaren.

    Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det er inntreft skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljar i bestillingsløysing på heimesida eller i kjøpers bestilling, og den annan part innsåg eller burde ha innsett at ein slik feil låg føre.

    1. Betaling

    Betaling kan skje via bestillingsskjema (faktura), med vipps, eller med bankterminal ved fysiske kjøp der kjøper og seljar møtast fysisk. Betaling må skje før vara kan overleverast til kjøpar.

    Ved betaling med faktura, vert fakturaen til kjøper utstedt før forsending av vara. Betalingsfristen framgår av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak. Vara sendast når faktura er betalt.

    Dersom kjøparen brukar kredittkort eller debetkort ved fysisk betaling, kan seljaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet vert lasta før overlevering, og overlevering skal skje i rimeleg tid etter betalinga er gjennomført.

    Ved bruk av fysisk bankterminal og vipps gjeld kjøpsvilkåra som framgår av denne avtalen som heilskap.

    1. Levering

    Levering er skjedd når kjøpar, eller hans representant, har overtatt vara.

    Dersom ikkje leveringstidspunkt framgår av bestillingsløysinga, skal seljar levere vara til kjøper utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter kunden si bestilling. Vara skal leverast hjå kjøparen med mindre anna er særskilt avtala mellom partane.

    1. Risiko for vara

    Risiko for vara går over på kjøper når han, eller kjøpers representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.

    1. Angrerett

    Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av vara i henhold til angrerettlova.

    Kjøper må gje seljar melding om bruk av angrerett innan 14 dagar frå fristen byrjar å gå. I fristen inkluderast alle kalenderdagar. Dersom fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag forlengast fristen til næraste verkedag.

    Angrefristen sjåast som overhalden dersom melding er sendt før utløpet av fristen. Kjøpar har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og meldinga bør difor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).

    Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen byrje å gå frå dagen etter vara er motteke.

    Ved bruk av angreretten må vara leverast tilbake til seljar utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gitt. Kjøper dekker dei direkte kostnadane ved å returnere vara, med mindre anna er avtala eller seljar har unnlete å opplyse om at kjøpar skal dekke returkostnadane. Seljaren kan ikkje fastsetje gebyr for kjøperens bruk av angreretten.

    Seljar er forplikta til å tilbakebetale kjøpesummen til kjøper utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljar fekk melding om kjøper si slutning om å nytte angreretten. Seljar har rett til å halde tilbake betalinga til han/ho har motteke varene frå kjøper, eller til kjøper har lagt fram dokumentasjon for at varene er sendt tilbake.

    1. Forsinking og manglande levering - kjøpers rettigheiter og frist for å melde krav 

    Dersom seljar ikkje leverer vara eller leverer ho for seint i henhold til avtalen mellom partane, og dette ikkje skuldast kjøper eller forhold på kjøper si side, kan kjøper i henhold til reglane i forbrukerkjøpslova sitt kapittel 5 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, kreve oppfyllingheve avtalen og/eller kreve erstatning frå seljar.

    Ved krav om misligholdsbeføyelser bør meldinga av omsyn til bevis, vere skriftleg (til dømes e-post).

    Oppfylling

    Kjøper kan fasthalde kjøpet og kreve oppfylling frå seljar. Kjøper kan imidlertid ikkje kreve oppfylling dersom det ligg føre ei hindring som seljar ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil medføre ei så stor ulempe eller kostnad for seljar at det står i vesentleg misforhold til kjøper si interesse i at seljar oppfyller. Skulle vanskane falle bort innan rimeleg tid, kan kjøper likevel kreve oppfylling.

    Kjøper tapar sin rett til å kreve oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

    Heving

    Dersom seljar ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, skal kjøper oppfordre seljar til å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling.

    Dersom seljar ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøper heve kjøpet.

    Kjøper kan imidlertid heve kjøpet umiddelbart dersom seljar nektar å levere vara. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåinga av avtalen, eller dersom kjøper har underretta seljar om at leveringstidspunktet er avgjerande.

    Leverast vara etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøper fekk vite om leveringa.

    Erstatning

    Kjøper kan kreve erstatning for lidt tap som fylgje av forsinkinga. Dette gjeld imidlertid ikkje dersom seljar godtgjer at forsinkinga skuldast hindring utanfor seljars kontroll som ikkje med rimelegheit kunne blitt teke i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne fylgjene av.

    1. Mangel ved vara - kjøper sine rettigheiter og reklamasjonsfrist

    Dersom det ligg føre ein mangel ved vara må kjøper innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje seljar melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Kjøper har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen vart oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøper overtok vara. Dersom vara eller delar av ho er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

    Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skuldast kjøperen eller forhold på kjøper si side, kan kjøper i henhold til reglane i forbrukerkjøpslova kapittel 6 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtalen heva og/eller kreve erstatning frå seljaren.

    Reklamasjon til seljar bør skje skriftleg.

    Retting eller omlevering

    Kjøper kan velje mellom å krevje mangelen retta eller levering av tilsvarande vare. Seljer kan likvel motsetje seg kjøper sine krav dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller voldar seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal skje innan rimeleg tid. Seljar har i utgangspunktet ikkje rett til å føreta meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

    Prisavslag

    Kjøper kan kreve eit passande prisavslag dersom vara ikkje vert retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtala pris svarar til forholdet mellom vara sin verdi i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelen si tyding for kjøparen.

    Heving

    Dersom vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøper også heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

    1. Seljar sine rettigheiter ved kjøpers mislighald 

    Dersom kjøper ikkje betaler eller oppfyller dei øvrige pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje skuldast seljar eller forhold på seljar si side, kan seljaren i henhold til reglane i forbrukerkjøpslova kapittel 9 etter omstenda halda vara tilbake, kreve oppfylling av avtalen, kreve avtalen heva samt kreve erstatning frå kjøper.

    Seljar vil også etter omstenda kunne kreve renter ved forsinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved uavhenta varer.

    Oppfylling

    Seljar kan fasthalde kjøpet og kreve at kjøper betaler kjøpesummen. Er vara ikkje levert, tapar seljar sin rett dersom ho ventar urimeleg lenge med å fremje kravet

    Heving

    Seljar kan heve avtalen dersom det ligg føre vesentleg betalingsmislighald eller anna vesentleg mislighald frå kjøper si side. Seljar kan likevel ikkje heve dersom heile kjøpesummen er betalt. Fastset seljar ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøper ikkje betaler innan denne fristen, kan seljar heve kjøpet.

    Renter ved forsinka betaling/inkassogebyr

    Dersom kjøper ikkje betaler kjøpesummen i henhold til avtalen, kan seljar kreve renter av kjøpesummen etter forsinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter forutgåande varsel, verte sendt til inkasso. Kjøper kan då verte halden ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

    Gebyr ved uavhenta ikkje-forskotbetalte varer

    Dersom kjøper unnlater å hente ubetalte varer, kan seljar belaste kjøper med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekke seljar sine faktiske utlegg for å levere vara til kjøper. Eit slikt gebyr kan ikkje lastast kjøparar under 18 år.

    1. Garanti

    Garanti som gjevast av seljar, gjev kjøpar rettigheiter i tillegg til dei kjøparen har etter ufravikeleg lovgivnad. Ein garanti inneber dermed inga avgrensing i kjøpar sin rett til reklamasjon og krav ved forsinking eller manglar etter punkt 9 og 10.

    1. Vidaresal

    Kunstnar Sunniva Steinsund Skeidsvoll har førsterett på kjøp ved vidaresal av ei vare (trykk eller måleri). Vara kan ikkje seljast vidare til ein høgare pris enn originalprisen som er bestemt av seljar og kunstnar, Sunniva Steinsund Skeidsvoll. Dette vedtaket gjeld for alle verk skåpa av Sunniva Steinsund Skeidsvoll, både trykk og originale verk.

    Ved brot på dette punkt kan Sunniva Steinsund Skeidsvoll krevje heving av vidaresalet. Ved heving kan Sunniva Steinsund Skeidsvoll krevje å få måleriet/trykket sendt tilbake til hennar adresse.

    Som hovudregel skal partane, inkludert tredjepart (kjøper ved vidaresal), forsøke å kome fram til ei einigheit i fellesskap.

    1. Personopplysingar

    Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysingar er seljar. Med mindre kjøpar samtykker til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysingslova, berre innhente og lagre dei personopplysingar som er naudsynte for at seljar skal kunne gjennomføre forpliktingar etter avtalen. Kjøper sine personopplysingar vil berre bli utlevert til andre dersom det er naudsynt for at seljar skal få gjennomført avtalen med kjøpar, eller i lovbestemte tilfelle.

    1. Konfliktløysing

    Klagar rettast til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøper ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no