Måleriet vart skåpa i kjærleik for min mann, Erik.
Trykket er ei gåve og ein hyllest til balansen i symbiose
Du finn det også som forsidekunst for Naturbalanse sin magiske hudpleiekolleksjon, I am peace
Måleriet viser ei kvinne som haldast av ein mann, her representert som Naturen. Blomekransen på kvinna sitt hovud, Aster, saman med dei abstrakte gule blomane som veks frå mannen sitt hovud, utgjer ein symbolsk samanheng som ein kan forstå om ein les forteljinga (og det vakre mysteriet) om ‘Asters and Goldenrod’ frå boka Braiding Sweetgrass. Forteljinga om ‘Asters and Goldenrod’ er for meg ei kjærleikshistorie. Forteljinga omhandlar to ulike blomar som i naturen ofte veks saman, og er vakre, saman
Førehandsvisinga av trykket er i lågare oppløysing, og er verna med eit vassmerke. Ved kjøp får du eit trykk i profesjonell kvalitet, med personleg signatur, og sjølvsagt utan vassmerke (tekst i skrått over måleriet). Trykket eksisterer i totalt 30 eksemplar av sin storleik; kvart trykk er nummerert.
Trykket «Balanse» er spesialbestilt i Hahnemühle Fineart Papir, med tilhøyrande Hahnemühle Certificate of Authenticity. Trykket er verna med ein UV-spraylakk (vern mot direkte sollys og fingermerke). Trykket signerast med detaljar i gull, samt min personlege signatur, så du får eit unikt og personleg eksemplar.
Pris er inkludert kunstavgift 5%, samt frakt. Kjøpsvilkår gjeld ved alle typar kjøp. Kjøpsvilkåra finn du i bestillingsskjemaet som er lagt ved kvart enkelt trykk. Ved kjøp under 5000 ,- kan du nytte deg av Vipps. Vel «Vipps» som betalingsløysing i bestillingsskjemaet for å få tilsendt vippskrav. Faktura sendast ved bestilling over 5000,-. Ved gjennomført betaling får du tilsendt trykket heim. Eg overrekker gjerne trykket personleg, ved geografisk nærleik.
Bestill Balanse
Hahnemühle Fineart, Giclée, 290 g